Snart klare for å rocke Sogn og Fjordane
av Flua, 01/02/2015
No har me starta oppladinga til barnehageturne i Sogn og Fjordane. I fyrste omgang er det barnehagar i indre Sogn som er så heldige at dei får besøk av oss. Det betyr at når sommaren kjem, vil alle småtroll innerst i Sognefjorden gå rundt og seie “he-he-he” med eit lurt glis. Så, siste veka i februar og siste veka i mars kjem Reverockarane og spelar “flunka nye” barnesongar for sogningane. Me gler oss!
Her kan du lese meir om turnéen: Ksys – Sogn & Fjordane Klikk på lenka som heiter “Turnéplan” for å finne ut når vi kjem til din barnehage!
PS! Takk til Flua (Fluga) for nynorsk. Som liten surra han litt rundt i dette distriktet, og plukka opp ein god del språk.
2 kommentarer
Tusen takk for kjempehyggeleg besøk i Haugane barnehage! Vi koser oss med cd’en!
av Kirsti Eklund, February 23, 2015 kl 22:04. #
Så bra, Kirsti. Vi koste oss glugg selv. Håper cden blir brukt opp.
av Flua, February 25, 2015 kl 22:42. #